Kort fortalt

Fredar sokkel-elektrifisering

Krefter i Senterpartiet vil revurdere elektrifiseringa av norsk sokkel. Ikkje aktuelt, meiner olje- og energiminister Terje Aasland, som ikkje vik ein tomme.

09.08.2022

Han seier til Dagens Næringsliv at Hurdalsplattforma ligg fast.

Varaordførar Stavanger, Dagny Sunnanå Hausken (Sp), meiner straumkrisa bør få regjeringa til å revurdere eller skyve på elektrifiseringa av norsk sokkel.

– Er det mogleg å utsetje det, bør vi iallfall gjere det. No har vi desperat mangel på kraft. Magasinfyllinga er veldig låg, og det verkar litt forhasta å elektrifisere i den situasjonen vi er i, seier ho til avisa.

Tidlegare i år tok parlamentarisk leiar i Senterpartiet Marit Arnstad til orde for å skyve på klimamålet til regjeringa heller enn å elektrifisere med straum frå land.

Ingen av dei får støtte frå olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

– Vi står fast på at vi ønskjer å elektrifisere norsk sokkel. Det er viktig for framtida, for å få ned klimagassutsleppa og sørgje for at vi kan bruke fornybar energi.

Energiministeren seier at nei til elektrifisering vil få store konsekvensar.

– Viss ein stoppar elektrifiseringa og ikkje tek omsyn til klimagassutslepp, så er det starten på ei avvikling som ikkje vi vil vere med på. Det er viktig at vi står fast på måla vi har komme opp med, seier han.

I Hurdalsplattforma er Arbeidarpartiet og Senterpartiet samde om at elektrifisering av sokkelen i størst mogleg grad skal skje med havvind eller anna fornybar kraft produsert på sokkelen.

Argumenta mot elektrifisering med straum frå land har mellom anna gått på at det kan gi endå høgare straumrekningar for forbrukarar og for industri og næringsliv.

Publisert: 09.08.2022 08:08

Sist oppdatert: 09.08.2022 08:09