Img 8806 1440x1080
BRANDAL: Brandal Friskule gjekk så vidt i pluss i fjor. Foto: Brandal Friskule
Kort fortalt

Friskule så vidt i pluss

Brandal Friskulelag har drive privatskule sidan 2005.

12.04.2023

Den foreldredrivne skulen held til i Brandal, og er eit gratistilbod. I tillegg har ein dagleg skulefritidsordning mot betaling.

I 2022 enda resultatet så vidt i pluss med 83.763 kroner. Året før var resultatet før skatt vel 0,7 millionar kroner, og ein må tilbake til 2016 for å finne minustal.

Av inntektene på 5,5 millionar kroner er nesten 5,4 millionar offentlege tilskot frå Utdanningsdirektoratet.

Skulen har ti tilsette fordelt på 6,6 årsverk.

Samla eigenkapital er på 3,1 millionar kroner, og det er ikkje langsiktig gjeld.

Brandal Friskulelag
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 5,5 6
Driftsresultat 0,05 0,7
Resultat før skatt 0,08 0,7

Publisert: 12.04.2023 08:00

Sist oppdatert: 12.04.2023 05:57