(NPK): Stortingsrepresentant Jon Georg Dale (Frp) lovar at det skal komme pengar til oppstart av Stad skipstunnel i statsbudsjettet for neste år.
– Vi forventar investeringsvedtak no, det er berre å setje i gang, seier den tidlegare samferdsleministeren til NRK.
Han viser til at Kystverket har gjort ein god jobb med å få ned kostnadene, og meiner det er klart for investeringstiltak, og at regjeringa må levere på det.
Tunnelen som er meint å gjera skipsfarten tryggare, raskare og meir føreseieleg mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Stad kommune, er greidd ut statleg 21 gonger. No går den 22. utgreiinga føre seg, «ekstern kvalitetssikring av forprosjektet». Fylkesordføraren i Vestland, Jon Askeland (Sp), meiner det er siste sjanse for dagens Storting å vedta skipstunnelen.
– Skipstunnelen er no så greidd ut at leveransen berre må kome, seier han til NRK.
Om bygginga skal starte som lova i Nasjonal transportplan, må dei fyrste 60 millionar kronene vere inne i statsbudsjettet.
Ordføraren i Stad, Alfred Bjørlo (V), krev òg at hans eiga regjering leverer, og at bygginga startar i 2021, som lova i Nasjonal transportplan.
(©NPK)

Publisert: 02.10.2020 13:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24