NPK-NTB: Framstegspartiet vil endre regelverket for bubilar. I dag er det talet på sengeplassar og ikkje talet på sete som avgjer kor mange personar det kan vere i bilen.
– Vi kan ikkje ha eit regelverk som gjer besteforeldre kriminelle berre for at dei tek med barnebarna på tur, seier stortingsrepresentant Tor André Johnsen som kallar dagens regelverk meiningslaust.
– Viss ein har nok sete, men ikkje nok sengeplassar, kan ein slå ned eit sete og leggje ei laus pute oppå bordet. Då får ein ei «seng» til, slik at ein kan ha med seg ein ekstra passasjer, seier Johansen.
Johansen har stilt spørsmål til samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) om han vil forenkle regelverket.

Publisert: 05.06.2020 15:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26