(NPK-NTB): Bondelaget er bekymra for at britisk landbrukseksport til Noreg skal komme i tillegg til EUs kvotar etter brexit. Fredag møter dei landbruksministeren.
Berre nokre månader før britane er heilt ute av EU og ikkje lenger er dekt av avtalane i unionen med Noreg, kjenner ikkje Bondelaget til at det har komme nokon kvotekrav frå britane til Noreg. Dei fryktar krava vil komme seint i forhandlingane om ein frihandelsavtale og føre til tidspress når ei avgjerd skal takast.
Fredag formiddag får Bondelaget moglegheit til å leggje fram synet sitt i eit møte med landbruksminister Olaug Bollestad (KrF). Organisasjonen meiner britane må ta med seg sin del av kvotane i Noregs handelsavtale med EU, som vart forhandla fram medan Storbritannia var medlem i unionen.
Det er ikkje riktig å leggje britiske kvotar på toppen av EU-kvotane, skriv organisasjonen i ein e-post til NTB.
– Vi er opptekne av å utvikle og dekkje den nasjonale landbruksmarknaden med trygg, norsk mat. Bortfallet av grensehandelen i koronatider har vist at det er eit stort marknadspotensial. Viss regjeringa gir vekk landbrukskvotar no, innskrenkar dei moglegheitene for norsk produksjon. Det er vi bekymra, seier bondelagsleiar Lars Petter Bartnes. Han meiner sjølv små kvanta vil ha store konsekvensar
I fjor importerte Noreg landbruksvarer for 2,6 milliardar kroner frå Storbritannia, opplyser Bondelaget.
(©NPK)

Publisert: 21.08.2020 08:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25