(NPK): Eksportør Sverre Søraa åtvarar no om konsekvensane av dei rekordhøge lakseprisane, skriv Dagens Næringsliv. Etter nyttår har lakseprisen stige med nesten femti prosent, frå 44 til 64 kroner per kilo laks. Det kan føre til at forbrukarane vel vekk laksen, fryktar eksportøren, som sjølv har tent seg rik på å selje oppdrettslaks dei tjue siste åra. Han meiner løysinga er å få opp produksjonen.
– Det er ein risiko at vi før eller sidan når eit punkt der veksten i etterspørselen stoppar fordi prisen blir for høg. Det vil vere tapte moglegheiter. Det er ei utfordring at vi ikkje klarer å produsere nok. Vi må produsere meir for å utnytte potensialet i laksemarknaden, seier Søraa til Dagens Næringsliv.
Analytikarar i Sjømatrådet stadfestar at ein høgare laksepris fører til lågare sal i enkelte marknader, mellom anna Spania.

Publisert: 04.04.2016 10:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47