NPK: Dei siste dagane har det kome fram at Vegdirektoratet vil sjå på heile Rogfast-prosjektet på nytt. Det har skapt uro blant dei som ivrar for eit ferjefritt vegsamband under Boknafjorden.
– Eg synest dette er ein utidig omkamp, seier næringspolitisk leiar Tormod Andreassen i Næringsforeningen i Stavanger-regionen, til
Han peikar på at det no har vore arbeidd med Rogfast-sambandet i meir enn femten år og meiner det er grenser for kor lenge ein kan halda på å diskutera prosjektet.
Meldinga om at Vegdirektoratet vil sjå på anlegget på nytt, kjem etter at ein tunnelarm til Kvitsøy blei dyrare enn ein hadde rekna med. Vegdirektoratet har varsla at dei vil ha ein gjennomgang av heile prosjektet.
Sjølv om dette har skapt frykt hos Rogast-tilgjengjarane for kva dette kan føra til, er leiar for Rogfast i Statens vegvesen Gunnar Eiterjord overtydd om at det går an å kutta utgiftene og at prosjektet kan realiserast.

Publisert: 18.12.2019 16:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31