Kort fortalt

Fryktar høg arbeidsløsye skal bite seg fast

- Vanlege folk betalar høgaste prisen.

03.04.2020
NPK: Arbeidsløyse er som sement, og vi må utan omsyn til kostnaden hindre at ho bit seg fast, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen.
– Noreg skjelv no. Vanlege arbeidsfolk betaler den tøffaste prisen, seier Gabrielsen i ein kommentar til dei skyhøge arbeidsløysetala.
Fredag kom nye tal over arbeidslause frå Nav, som viser at 412.000 personar, eller nærare 15 prosent av arbeidsstokken, no er heilt eller delvis arbeidslause. Folk som har vorte permitterte på grunn av koronautbrotet, utgjer 90 prosent av nyregistreringane.
– Frykta for å miste jobben spreier seg dessverre i takt med koronaviruset sjølv. LO har derfor heile tida under denne krisa vore opptekne av å sikre arbeid og tryggleik for vanlege folk. Om arbeidsløysa får stivne og feste seg, er den nesten umogleg å bli kvitt, seier Gabrielsen.
Han meiner det er openbert at det vil vere behov for fleire, kraftfulle tiltak og ein endå meir aktiv industri- og næringspolitikk framover.
– Det er heilt avgjerande at vi held fram med å setje inn massive og målretta tiltak for å hjelpe norske arbeidstakarar og bedrifter, seier han.

Publisert: 03.04.2020 12:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28