Kort fortalt

Fryktar konkursar for norske bønder

Bakgrunnen er tollfri EU-import.

06.08.2018
NPK-NTB: Ein ny avtale mellom Noreg og EU meir enn doblar tollfri import av storfekjøt frå EU-land. Bondelaget fryktar norske bønder vil gå konkurs.
– Avtalen treffer landbruket kraftfullt negativt i den situasjonen som no utspelar seg, seier leiar Lars Petter Bartnes i Norsk Bondelag til Klassekampen.
Ytterlegare 400 tonn skal inn på marknaden allereie før jul. Når avtalen trer i kraft for fullt, blir den tollfrie importen auka med 1.600 tonn, til saman 2.500 tonn storfekjøtt i 2019.
Samtidig som importen aukar, må mange bønder slakte ned besetninga grunna fôrmangel etter tørken. Auka import vil auke konkurransen for norske bønder.
– Eg kjenner til tilfelle der det er risiko for konkurs med tilhøyrande nedlegging av drifta, seier Bartnes og legg til at det vil svekkje norsk matproduksjon.
– Det er no endå viktigare at forbrukarane leitar etter matvarene merkte med «Nyt Noreg» og sikrar at det er norske matvarer som blir sett på bordet.
Raudt-leiar Bjørnar Moxnes meiner det er galskap å auke importen no.
– Vi vil ha eit klart svar frå landbruksministeren på om han vil stoppe denne auka importen. Dette kan slå beina under livsgrunnlaget for bønder landet rundt, seier Moxnes.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) har ikkje kunne svare på Klassekampens meldingar.

Publisert: 06.08.2018 10:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38