Kort fortalt

Fryktar sabotasje mot høgspentlinje

Nytta motorsag for å felle tre over kraftlinje.

22.02.2024

(NPK-NTB): Nettselskapet Elinett på Nordmøre fryktar at nokon har øydelagt høgspentlinjer i distriktet med vilje. Nokon har brukt motorsag på eit tre som hadde falle over linja.

Søndag vart Elinett kontakta av ein privatperson som hadde sett eit tre som låg mot høgspentlinja mellom Vorpenes gard og Fjordhotellet i Eidsvågen i Molde kommune.

– Treet var saga av med motorsag og det låg fersk sagflis på bakken. Dette var altså ikkje eit tre som hadde falle av naturlege årsaker, seier Even Blakstad i Elinett til Romsdals Budstikke.

– Vi fryktar rett og slett at vi har vorte utsette for sabotasje, seier Blakstad til avisa.

Elinett opplever årleg at personar ved eit uhell feller tre på linjene, men denne saka skil seg ut. No ønskjer dei tips frå folk som kan ha sett noko i samband med episoden, som vart varsla søndag 18. februar.

– Eit tre som ligg i kontakt med ei høgspentlinje utgjer stor risiko og kan vere livstruande for menneske og dyr som kjem borti treet, seier han.

(©NPK)

Publisert: 22.02.2024 09:18

Sist oppdatert: 22.02.2024 09:18

Mer om