Kort fortalt

Frå to til ein meter

Vi kan vere tettare på kvarandre.

30.04.2020
NPK-NTB: Rådet om å halde to meters avstand til andre personar blir endra torsdag til minst éin meters avstand.
– Rådet gjeld både ute og inne, sa helseminister Bent Høie (H) på den daglege pressekonferansen til regjeringa.
– Smittespreiinga i samfunnet er vesentleg redusert, og både Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet meiner ein meter er tilstrekkeleg for å redusere smitterisikoen vesentleg, opplyste helseministeren.

Publisert: 30.04.2020 16:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27