Kort fortalt

Få kraftkommunar vil slå seg saman

Taper på å verte større.

22.03.2016
(NPK): Berre 19 prosent av ordførarane i Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK) trur kommunen deira vert slått saman.
Det viser ei undersøking Nationen har gjort. Store geografiske avstandar er årsaka til at få vil slå seg saman, trass i at nokre av kommunane kan tene meir på samanslåing.
– Me har funne at ein del små kommunar med lågt folketal ikkje greier å utnytte ordninga med konsesjonskraftrettar full ut, seier Åmot-ordførar Ole Gustav Narud, som sit i LVK-styret, til Nationen.
Om ein kommune ikkje greier å utnytte all konsesjonskrafta dei har rett på, går pengane til fylkeskommunen. Om kommunen vert større, kan dei få meir pengar, men det vil òg verte fleire å dele dei på.
– Dette gjeld dei minste kommunane. For dei fleste LVK-kommunane ligg det ingen vinst i kommunereforma, seier Narud.
Den typiske kraftkommunen har ei geografisk utforming som gjer at det går mot få samanslåingar. Ingen av ordførarane Nationen var i kontakt med i undersøkinga, meinte kraftinntektene var avgjerande i vurderinga av samanslåing.
Mange kraftkommunar får i dag store inntekter frå eigedomsskatt på verk og bruk, og om det ikkje skal føre til store tap i den nye kommunen, må slik eigedomsskatt gjelde i heile den samanslåtte kommunen òg. (©NPK)

Publisert: 22.03.2016 11:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47