Kort fortalt

Få sesongarbeidarar kjem

Freistar ikkje med lav kronekurs.

18.05.2020
NPK: 6. mai kunngjorde regjeringa at personar med arbeidskontrakt i Noreg kunne kome til landet. Likevel har ikkje sesongarbeidarar som plukkar bær og frukt kome.
Sesongarbeidarane blir pålagt ti dagar i karantene når dei kjem tilbake til Noreg, men ein spesifikasjon i covid-19-forskrifta gjer det mogleg for dei å jobbe på driftseininga i karantenedagane, .
Likevel har ikkje sesongarbeidarane kome tilbake. Låg kronekurs gjer at løna til polakkane er redusert med nesten 20 prosent, seier Eyvind Reme, fruktbonde i Utvik, til NRK.
Administrerande direktør i Gartnerhallen, Elisabeth Morthen, fryktar innhaustinga av jordbær og bringebær blir redusert.
Dette fordi mange vegrar seg for smitte, det auka kostnadsnivået for å hauste bær og fordi det tek lang tid å avklare om borgarar frå tredjeland kjem.

Publisert: 18.05.2020 06:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27