Kort fortalt

Får ikkje tak i nok arbeidskraft

Tre av ti verksemder slit.

20.09.2022

Nesten 30 prosent av norske bedrifter og offentlege verksemder slit med å få tak i arbeidstakarar med rett kompetanse.

I rapporten «Fremtidig kompetansebehov – et oppdatert kunnskapsgrunnlag» blir situasjonen skildra på arbeidsmarknaden frå og med starten av pandemien i 2020 og til og med i dag.

Tal frå Nav viser ei arbeidsløyse i Noreg på berre 1,7 prosent i juli 2022, det lågaste nivået sidan 2008. Dei siste seks åra har det vorte dobbelt så mange verksemder som rapporterer om stor grad av udekte kompetansebehov. I 2016 var det 4 prosent som sa dei hadde stor grad av kompetansemangel, medan delen i 2022 er på 8 prosent.

– Eit så stort kompetansegap vil på sikt få store negative konsekvensar for oss som samfunn og evna til å levere gode tenester. Tala som kjem fram i rapporten, kan tyde på at det vil bli større behov for å investere i kompetansen til befolkninga i åra som kjem, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Etterspurnaden etter arbeidskraft i Noreg er høg, og rekrutteringsproblema har auka i nesten alle næringar sidan før koronapandemien. Aldring av befolkninga og sentralisering er drivkrefter for kompetansebehov. Teknologiutvikling, klimaendringar, demografi og globalisering påverkar kompetansebehov i samfunns- og arbeidslivet på lang sikt. Særleg utsette område er bygg og anlegg, handverk, industri og helse og omsorg.

Innlandet og Nordland er fylke med fleire innbyggjarar over 65 år enn under 19 år. Oslo og Rogaland er fylke med den yngste befolkninga i landet.

Publisert: 20.09.2022 11:04

Sist oppdatert: 20.09.2022 11:05