Solstad-søksmålet heldt fram i Oslo tingrett tysdag med partsforklaring frå Frank Reite.
Sunnmøringen som har vore Kjell Inge Røkke sin mann i Solstad-reiarlaget i ei årrekke, fekk tøffare spørsmål enn i retten dagen før.
Reite blei mellom anna utfordra kring påstanden frå saksøkjarane, om at refinansieringsavtalen var til gunst for Aker og ugunstig for dei andre aksjonærar.
Ein av advokatane ville vite om han hadde reflektert over at «partane delte aksjonærfellesskapet sin kake seg imellom. Og at det var det som gjorde den bra for dei».
Då viste Reite til utviklinga av børsverdien som på tidspunktet låg kring 11 kroner aksjen, medan den i dag blir handla til over 40 kroner.
– Det er vel få andre selskap ein har kunnet tent så mykje pengar på, svara Reite.
Dette er Solstad-striden:
- I oktober 2023 melde kriseramma Solstad Offshore at det hadde blitt einige med kreditorane om ein refinansieringsavtale for å redde selskapet, i samarbeid med majoritetseigar Aker Capital.
- Røkke-eigde Aker gjekk inn 2,25 milliardar kroner, samstundes som ein stor del av flåten vart overført tili eit nytt dotterselskap, Solstad Maritime, der Aker Capital vart majoritetseigar.
- Minoritetsaksjonærane fekk berre begrensa tilgang til å delta i aksjesalget i det nye selskapet.
- Christen Sveaas sitt selskap Kistefos som var nest største eigar i Solstad Offshore, meiner Aker fekk overta båtane på billegsal medan småeigarane vart utvatna.
- Sveaas-selskapet Kistefos har tatt ut erstatningssøksmål mot Aker Capital, Solstad-styret og meklarhuset Pareto. Saka startar i Oslo tingrett 7. oktober.
- Solstad var i 2017 Norges største reiarlag med 154 skip, då det fusjonerte med Deep Sea Supply og Farstad Shipping.
Dommaren greip inn
Reite meinte vidare at Kistefos fekk moglegheit til å gå inn med meir pengar – og stilte spørsmålet tilbake til advokaten.
– Viss dei meinte dette var så lukrativt som du gir uttrykk for, kvifor ville ikkje Kistefos vere med.
Då utspørringa gjekk over i ein diskusjon om korleis ein oppfatta kva Kistefos hadde forklart tidlegare i rettssaka, greip dommaren inn.
– I staden for å diskutere, så foreslår eg at du stiller eit spørsmål, sa tingrettsdommaren til advokaten.
Erklærte seg inhabil
I løpet av dagen blei Reite utfordra på at han berre hadde spelt ei mindre sentral rolle. Mellom anna har han forklart at han berre deltok på nokre få møte med bankane sommaren 2023.
Han påpeika samtidig i retten at det var vanskeleg å hugse detaljert kva for meiningsutvekslingar han deltok i for over to år sidan.
Reite erklærte seg inhabil som Solstad-representant då bodet frå Aker kom i slutten av september 2023. Då tok Aker-sjef Øyvind Eriksen over styringa med Solstad-prosessen frå Aker si side.
Sunnmøringen fortalde at han undervegs likevel fekk telefonar frå både reiarsjef Lars Peder Solstad og rådgivarane i Pareto.
– Men det gjaldt at dei forsøkte få ei forståing av Aker sin situasjon og kva som var mogleg å få til, la han til.
Utfordra om Trøim-sms
Undervegs ville advokaten til saksøkjarane vite kvifor Reite hadde svart ei Trøim-gruppering at det ikkje var nødvendig å sende eit brev om at dei var interessert i å vere med på refinansieringa – og at «selskapet hadde god oversikt».
Reite meinte det ikkje var noko anna måte å svare ut sms-en som kom i midten av oktober 2023 – etter at sunnmøringen var inhabil frå Solstad-vervet.
– At selskapet hadde bra oversikt, kan eg svare på som aksjonær. Vi to tolkar måten eg ordlegger meg på ulikt, svara han advokaten.
– Alle visste kva rolle eg hadde
Kistefos meiner at Reite er sentral i saka og mellom anna har opptrådd illojalt, misbrukt informasjon og vore aktlaus i rolla si som Solstad-representant.
– Alle visste kva rolle eg hadde, kven eg representerte og kva informasjon eg satt på, repliserte Reite i retten tysdag.
Då han blei utfordra på korleis han hadde søkt råd om å handtere rolla si, enda det opp ei replikkveksling der Reite meinte Aker truleg handterte både interne reglar og lovverk om lag like godt som firmaet til advokaten.
Publisert: 18.11.2025 12:53
Sist oppdatert: 18.11.2025 21:28






