(NPK): Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Samtidig som det er lågare innvandring frå alle landa, er det også fleire som reiser tilbake, skriv E24. Nettavisa viser til at det til dømes i 2015 kom 8.182 personar frå Polen til Noreg, medan det kom 12.861 i 2011. I fjor reiste 3.446 polakkar tilbake til heimlandet i 2015, mot 2.301 i 2011, viser SSB-tala.
At det er blitt vanskelegare å få jobb i Noreg no enn for nokre år sidan, er truleg grunnen til at innvandringa frå Aust-Europa har gått ned.
– Fleire reiser heim igjen fordi dei mister jobben, i kombinasjon med at det for ein del blir betre arbeidsmoglegheiter i heimlandet. Polen er eit eksempel på eit land som har klart seg godt, der arbeidsløysa har falle og færre kanskje føler at dei vil reise ut, og det blir meir attraktivt å reise tilbake, seier seniorrådgivar Johannes Sørbø i Nav til E24.
SSB-tala viser at ein stor del av dei polske og litauiske innvandrarane slår seg ned Vestlandet. (©NPK)

Publisert: 29.04.2016 13:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46