Kort fortalt

Færre driv med kveiteoppdrett

Kun tre anlegg produserer yngel.

29.02.2016
(NPK): Kveite skulle bli det nye oppdrettseventyret, men i dag er det berre tre oppdrettsanlegg som produserer kveiteyngel. Før var det 17.
Fleire prøvde seg på kveiteoppdrett, men tapa har vore store. Finansavisen har rekna ut at satsingane har kosta investorar ein halv milliard kroner på 15 år, skriv .
I 2011 vart det produsert 2.800 tonn oppdrettskveite i Noreg, medan i 2014 vart det seld om lag 1.300 tonn. Utfordringa er at kveiteyngel er skjør, og at det tar tid å få fram fullvaksne kveiter – noko som gjer produksjonen kostbar.
Nokre satsar likevel på kveiteoppdrett, og eitt av dei attverande oppdrettsanlegga er Sogn Aqua som starta i 2007. I 2012 vart den første fisken slakta. Per i dag slaktar Sogn Aqua om lag 50 tonn kveite kvart år.
Dei tre attverande kveiteprodusentane produserer om lag 1 million yngel til saman.
Forskar Birgitta Norberg i Havforskingsinstituttet er optimistisk til kveiteproduksjonen i framtida.
– Dei siste fem åra har vi gjort store framsteg når det gjeld yngelproduksjon og føresetnadene for å drive med matfiskeoppdrett, seier Norberg til Sysla. (©NPK)

Publisert: 29.02.2016 20:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47