NPK-NTB: Delen som får støtte frå Nav blir stadig mindre. Spesielt blant unge har den falle rundt 40 prosent på 23 år.
Ein ny analyse frå viser at delen mottakarar av ytingar i aldersgruppa 18–66 år i perioden 1992 til og med 2016, fall frå 24 til 19,7 prosent.
– Bildet mange har av det veksande utanforskapet stemmer ikkje med verkelegheita og bør nyanserast. Færre er avhengige av Nav-ytingar i dag enn tidlegare og svært få får ytingar gjennom heile livet, seier kunnskapsdirektør Yngvar Åsholt.
Analysen viser at dei fleste som tek imot ytingar gjer det i ein avgrensa periode, før dei går tilbake til arbeid eller over på alderspensjon.
Ifølgje Nav har tiltak som å bremse veksten i helserelaterte utgifter, hatt stor effekt. Det har også innføringa av arbeidsavklaringspengar og aktivitetskravet på sjukepengar.
Delen unge i alderen 18–29 år som får ytingar frå Nav, har falle frå rundt 20 prosent i 1994 til rundt 12 prosent i dag. Det kjem i hovudsak av den kraftige nedgangen i talet på personar som får dagpengar. Samtidig har delen mottakarar av helserelaterte ytingar auka, der arbeidsavklaringspengar er den største ytinga.
– Det er urovekkjande at fleire unge får helserelaterte ytingar. Vårt mål er å auke deltakinga i arbeidslivet, og særleg få dei unge i arbeid, seier Åsholt.

Publisert: 26.10.2017 08:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41