Kort fortalt

Færre jobbar i andre kvartal

Nedgang på 4,4 prosent. 

12.08.2020
(NPK-NTB): Det var i underkant av 129.000 færre jobbar i andre kvartal, ein nedgang på 4,4 prosent, ifølgje SSB. Nedgangen har hovudsakleg kome etter koronautbrotet.
Frå andre kvartal 2019 til same kvartal i 2020 vart det om lag 74.000 eller 2,8 prosent færre lønstakarar, ifølgje .
At det var eit større fall i jobbar enn lønstakarar, kan tyde på at det har vorte færre deltidsjobbar og mindre bruk av tilkallingsvikarar.
Den største nedgangen i år kom mellom første og andre kvartal og blir dermed knytt til koronakrisa.

Færre jobbar i fleire bransjar

Nedgangen rører ved store delar av arbeidsmarknaden, men er klart størst innanfor overnatting og servering med heile 23,6 prosent færre jobbar frå same kvartal året før.
Talet på jobbar gjekk òg kraftig ned i personleg tenesteyting og forretningsmessig tenesteyting, over 10 prosent i begge næringar. Dette omfattar mellom anna utleige av arbeidskraft, frisørar, kultur- og underhaldningsaktivitetar.

Dei yngste og eldste kjem dårlegast ut

Blant alle aldersgrupper har det vore ein jobbnedgang, men dei under 25 år og over 67 år skil seg negativt ut. Nedgangen for desse gruppene er på høvesvis 11 og 14,6 prosent.
For dei yngste under 25 år var det spesielt stor nedgang i nytilsetjingar, medan det blant dei over 67 år er ein stor auke i avslutta arbeidsforhold. Det kan forklarast med at ein del eldre valde å pensjonere seg tidlegare i samband med nedbemanning på arbeidsplassen.
Informasjon og kommunikasjon og finansiering og forsikring er blant få næringar med jobbvekst sidan 2019.
(©NPK)

Publisert: 12.08.2020 09:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25