Kort fortalt

Færre lakselus i år

Førebyggjing gir resultat.

19.05.2016
(NPK-NTB): Oppdrettsnæringa har betre kontroll over lakselusa enn på fleire år, viser tal frå Mattilsynet.
Avdelingssjef John Bjarne Falch i Mattilsynet seier til at strategien med å førebyggje framfor å behandle med kjemikaliar ser ut til å fungere.
– Første kvartal i år viser mykje betre resultat enn dei siste åra. Vi har færre overskridingar av lusegrensa, som er ei halv vaksen holus per laks. Det er dramatisk forskjell frå i fjor og året før, seier han. (©NPK)

Publisert: 19.05.2016 08:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46