Kort fortalt

Færre søkjer seg til reiseliv

Fleire satsar på økonomifag.

18.05.2020
NPK-NTB: Blant dei over 150.000 søkjarane til høgare utdanning i år, søkte færre seg til reiselivsfag, viser tal frå Samordna opptak.
Tala viser òg at lærarutdanninga og juss har ein nedgang. Juss går ned 1,4 prosent, medan lærarutdanninga fell 8,1 prosent. Størst prosentvis nedgang har reiselivsutdanninga som går ned 9,8 prosent på landsbasis, melder
Ifølgje seniorrådgivar ved Kunnskapsdepartementets tenesteorgan (KDTO), Natasha Harkness, har reiseliv hatt nedgang i førstevalssøkjarar i seks av dei siste ti åra. Ho seier reiselivsfaga utgjer ein liten prosent av den totale søkjarmassen, og at det derfor kan bli mykje svingingar frå eitt år til neste.
Totalt søkte 150.784 personar høgare utdanning i år.
Størst auke har økonomi- og administrative fag som stig med 24,8 prosent, men også mediefag (23,7), historie (23,5) og samfunn (21,5) aukar med over 20 prosent.

Publisert: 18.05.2020 09:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27