Kort fortalt

Færre treng los

Nedgang i talet på seglasar med los.

18.10.2017
NPK: I 2016 blei det gjennomført 39.000 seglasar med los i norske farvatn. Det er ein nedgang på 7 prosent frå 2015.
Det syner tal frå
Fartøy med ein viss storleik er lospliktige når dei seglar i norsk indre farvatn. Talet lospliktige seglas har auka dei siste åra, men delen seglas med los om bord har gått ned. Mykje av grunnen er at ein navigatør med gyldig farleibevis i mange tilfelle kan vareta losplikta utan bruk av los.
Tala frå SSB syner at ein stadig større del av dei lospliktige seglasane blir utførte av navigatørar med farleibevis.

Publisert: 18.10.2017 11:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41