(NPK-NTB): Mens sysselsettinga i byggjebransjen auka med 11 prosent frå 2008 til 2014, gjekk talet på unge nordmenn i bransjen ned.
Ifølgje ein Fafo-rapport kom nesten 80 prosent av veksten gjennom rekruttering av utanlandske arbeidstakarar, skriv Dagsavisen. Delen norske bygningsarbeidarar fall frå 88 til 80 prosent, og talet på nordmenn under 23 år som søkjer seg til bransjen minkar. Den siste gruppa er også den som i størst grad forlèt yrket, viser rapporten.
Forbundssekretær Per Skau i Fellesforbundet meiner sosial dumping og arbeidslivskriminalitet bidrar til å gjere bransjen mindre attraktiv for dei unge.
– Tala er alvorlege. Og dersom vi held fram å konkurrere på billig utanlandsk arbeidskraft, trur eg utviklinga vil forsterke seg. Utanlandske arbeidstakarar skal framleis vere i bransjen, men dei må bli ein del av den norske modellen, seier han.
Rekrutteringa frå yrkesfag er viktig for bransjen, og ifølgje fafo-rapporten har det vore ein nedgang i talet på lærekontraktar i bygg- og anleggsteknikk. Sidan 2013 er det også eit markant fall i talet på elevar som søkjer seg til faget.

Publisert: 19.01.2017 08:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42