Green Yard Kleven Elisa skrog foto green yard full 1
ULSTEINVIK: Her er skroget til det nye konstruksjonsskipet framme ved Green Yard Kleven-verftet i Ulstein. Foto: Green Yard Kleven.
Kort fortalt

Første nybygg til Green Yard Kleven

Skroget framme ved verftet.

Marius Rosbach
20.04.2026

Skroget til Green Yard Kleven sitt første nybygg kom i helga fram til verftet. Tidlegare er det opplyst at skipet som er designa av Marina Teknikk, skal leverast i løpet av 2026.

«Verftet er godt forberedt og klare for videre utrustning», skriv Green Yard Kleven på Linkedin.

Skipet er tinga av det rumenske energiselskapet OMV Petrom. Nybygget blei annonsert i november 2024, og namnet på konstruksjonsskipet blir «Elisa». Det skal ut i arbeid i energisektoren i Svartehavet.

Green Yard Kleven Elisa foto green yard 2
SPESIELL DESIGN: Designkonseptet frå Marin Teknikk inkluderer mellom anna ei to-skrogs-løysing som skal redusere rørslene når skipet blir treft av sjø. Foto: Green Yard Kleven

Skipet er designa av Marin Teknikk i Herøy. Marin Teknikk-sjef Svein-Rune Gjerde fekk ideen til skipet allereie i 2006. 

Nybygget er eit avansert feltstøttefartøy for operasjonar og vil vere skreddarsydd for vindkraftindustrien. Det kan vere base for teknikarar, gjere lettare vedlikehald-, inspeksjon- og reparasjonsoppdrag, i tillegg til å frakte folk og forsyningar. 

Publisert: 20.04.2026 08:24

Sist oppdatert: 20.04.2026 11:40

Mer om