
Ga ikkje svar om lukka oppdrett
Sjømatbransjen møtte fiskeriministeren.
Sjømatbransjen fekk ikkje svar frå fiskeriministeren på eit forslag om å bytte inn konsesjon for opne merdar, til lukka anlegg, under eit besøk i Ålesund.
Det skriv Sunnmørsposten onsdag.
Roger Hofseth er mellom dei som har tatt til orde for ei slik løysing, men også Leif Hjelseth i MMC First Process meinte eit byteforhold med ein til tre var løysinga, då han presenterte eit nytt type anlegg for statsråden.
Fiskeri- og havbruksminister Marianne Sivertsen Næss ville ikkje ta stilling til spørsmålet og viste til at det blir arbeid med ei ny havbruksmelding.
– Det er ei overordna målsetting for regjeringa at vi skal ha vekst, men vi må ha berekraftig vekst. Då må vi gjere grep som fører til at dødelegheita går ned og fiskehelsevelferden går opp. Meir konkret kan eg ikkje vere no, var Næss sin kommentar.
Publisert: 07.08.2024 11:05
Sist oppdatert: 07.08.2024 11:05