Leif Gjelseth lukka merd MMC First Process Foto Marius Rosbach 11
LUKKA LØSYING: MMC First Process-gründer og no utviklar, Leif Gjelseth, presenterte løysinga selskapet har utvikla for lukka oppdrett i fjordstrøk. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Viste fram ny løysing, men fekk ingen lovnader

Fiskeriministeren trur meir på lukka oppdrett i fjordane, enn på land – men lovar ikkje draghjelp.

Marius Rosbach
07.08.2023

– Det vi ønsker er ei tydeleg målsetting. Vi må ha ei retning om kva vi vil. Også må vi ha incentivordningar for å nå desse målsettingane, sa Leif Gjelseth då han måndag presenterte MMC First Process si nye lukka løysing for oppdrett for statsråd Bjørnar Skjæran (Ap).

Då hadde fiskeri- og havministeren fått høyre korleis selskapet vil løyse problema med alt frå dårleg fiskevelferd, lus, hindre rømmingar og unngå forureining ved å satse på lukka oppdrett i fjordstrøk.

Meir tru på lukka oppdrett i fjordane, enn på land
Utfordringa er at det framleis er dyrt å satse på lukka anlegg, samanlikna med tradisjonelle merdar. Samtidig skjer ei storsatsing på landbasert oppdrett, der ein slepp store utgifter til konsesjon,.

Det er årsaka til at Gjelseth og store delar av bransjen ber om sokalla incentivordningar – ei gulrot som på eit eller anna vis vil gjere det meir lønnsamt å satse på lukka oppdrett.

– Eg har mykje meir tru på det her som ei stor sak i framtida, enn oppdrett på land, sa Skjæran.

Han viste til at det rett og slett krev for store landareal om sjømatproduksjonen verkeleg skal vekse i volum ved hjelp av landbasert oppdrett.

Bjørnar Skjæran Foto Marius Rosbach 11
HEIAR PÅ LUKKA OPPDRETT: Fiskeriminister Bjørnar Skjæran trur lukka løysingar vil vere viktigare enn landbasert oppdrett - og peiker på at oppdrett på land krev store landareal. Foto: Marius Rosbach

Vil vere teknologinøytrale
Svaret frå statsråden på ønsket om incentivordningar, er i denne omgang at regjeringa vil vere teknologinøytrale. Samtidig ventar ein på havbruksutvalet sin rapport som skal sjå på korleis teknologiutvikling kan fremme ny vekst.

– Dette er dokke klokare til å vurdere enn meg, sa statsråden - og påpeika at det avgjerande var å få bukt med lus og sjukdomar, i tillegg til berekraftig bruk av avfallet.

Regjeringa har som mål at oppdrettsproduksjonen skal auke, men for tida er det raudt lys for ny vekst langs heile vestlandskysten som følgje av trafikklyssystemet som regulerer bransjen.

Gjelseth presiserte at det var nettopp å få bukt med problema som var deira bodskap - og at dei ikkje vil at politikarane skal ta stilling til teknologien.

Full brems i norsk oppdrett
Gjelseth og MMC First Process ville også ha ei avklaring om kva rolle lukka anlegg kan spele i område med «raudt lys». Dette lova Skjæran at regjeringa vurderte for augneblinken og at dei ville komme tilbake med eit svar.

Fiskeutstyrsleverandøren la ikkje skjul på at det er full brems i den norske oppdrettsmarknaden etter at regjeringa la grunnrenteskatten på bordet.

– Hovudaktiviteten no er landbaserte anlegg i utlandet. Den norske marknaden er ikkje der, og vi har ikkje signert ei brønnbåtkontrakt sidan juli i fjor, påpeika Gjelseth.

Årleg produksjon på 5.500 tonn per tank
MMC First Process har også tidlegare fortalt om ståltankane dei ser føre seg i drive lukka oppdrett i. Løysinga er fjernstyrt frå land og kan plasserast der fôrsystem allereie er på plass.

No har selskapet ein pilot ute på prising – og ventar spent på korleis svaret vil slå ut på reknestykket for kor lønnsam produksjonen kan bli.

Selskapet har rekna seg fram til at det er mogleg med ein årleg produksjon på 5.500 tonn frå kvar ståltank.

Utgangspunktet er éin million smolt i kvar tank, der ein tek ut 200.000 småfisk kvar tredje månad, som veks vidare i andre tankar eller merder. Etter eitt år har att 200.000 matfisk på 5,5 kilo i snitt kvar.

Publisert: 07.08.2023 20:32

Sist oppdatert: 07.08.2023 20:41

Mer om