Egget montasje roger hofseth 11 foto hofseth international 11
STORSATSING: I dag er «Egget» eit forsking- og utviklingsprosjekt. Går det som Roger Hofseth håpar, kan konsernet konvertere opne konsesjonar til lukka. Foto: Hofseth International
Nytt

– Vi ber ikkje om pengar

Roger Hofseth møtte fiskeriministeren og fortalde kva han meiner må til for å få fleire lukka oppdrettsanleggg.

Marius Rosbach
06.09.2022

Måndag kunne Hofseth International og Ovum gå ut med planane om ei felles satsing på oppdrett.

I løpet av dei neste åra skal dei investere kring éin milliard kroner i å bygge fem store utgåvar av det lukka oppdrettskonseptet «Egget». Om kort tid startar produksjonen i «pilot-egget» som er på kring halvparten av storleiken til dei komande anlegga.

– Vi får fisk i dette første anlegget i løpet av nokre veker. Deretter reknar vi med at vi har to egg klare i 2024, og dei neste i 2025, fortel Hofseth til NETT NO om framtidsplanen.

Meiner lukka anlegg er beste løysing
Gründeren er overtydd om at lukka oppdrettsanlegg er løysinga for å få bukt med lus- og sjukdomsproblema i bransjen.

Det er også einaste måten å nå det politiske målet om ei fleirdobling av produksjonen i løpet få år, meiner han. Men Hofseth ser også andre fordelar, som at mindre ressursar kjem på avvege og at arealbruken blir meir effektiv.

Då administrerende direktør Cato Lyngøy i Ovum presenterte planane for prosjektet under måndagens pressekonferanse, kunne han fortelje at dei rekna med å bruke berre 20-25 prosent av energien, som ein treng til landbaserte anlegg i dag.

Ovum trur også at dei skal konkurrere med opne anlegg når det kjem til det totale CO2-avtrykket.

(saka held fram under)

Egget pk skjermfoto 11
EGGET: Måndag presenterte Hofseth planane om å investere i fem lukka oppdrettsanlegg av «Egget». Pilotegget som no er sjøsett i Romsdalsfjorden er 21 meter høgt og 15 meter breitt. Dei neste blir om lag dobbelt så store. Skjermfoto

Høg kostnad – og risiko
Utfordringa med satsinga på lukka anlegg er kostnadene og risikoen. Prisen for kvart av dei ferdigproduserte egga er på 100 millionar kroner, meir enn 30 gonger meir enn dei tre millionane eit ope anlegg med same volum ville kosta.

I tillegg er det framleis eit forskings- og utviklingsprosjekt, som ein ikkje kan seie på førehand vil lukkast.

Difor ber partnarane om at styresmaktene kjem dei i møte på fleire punkt. Så langt opplever Hofseth at ting tek for lang tid.

– Vi ber ikkje om pengar, men vi håpar at vi får lov til å konvertere opne konsesjonar til lukka når vi har bygd egga ferdig, seier Hofseth om kva ordning dei ønsker seg for å legge til rette for kommersialisering.

Vi ber ikkje om pengar, men vi håpar at vi får lov til å konvertere opne konsesjonar til lukka
Roger Hofseth

Vil ha to konsesjonar mot éin
Hofseth har føreslått to lukka konsesjonar i bytte for éin ope konsesjon.

Truleg er dette punktet det mest problematiske for politikarane, ettersom verdien på oppdrettskonsesjonar har skote i veret dei siste åra.

I tillegg ber dei om moglegheiter til registrering av lukka oppdrettsanlegg i Skipsregisteret, ein eigen klasse for lukka anlegg – og at kommunane skal få rett til å sette av areal til slikt type havbruk.

– Ei slik ordning gir ikkje pengar å statskassa på sekundet, men vi har ikkje akkurat likdvidtetsproblem i dette landet. Dette vil fikse nokre problem i næringa, auke produksjonen og gi skatteinntekter – i staden for at styresmaktene får pengar frå konsesjonssal, legg Hofseth til.

Møtte fiskeriministeren
Dei lukka anlegga vil i første rekke bli lokalisert saman med eksisterande opne anlegg i Storfjorden. Veksten i arbeidsplassar kjem i første rekke som følgje av høgare slaktevolum frå auka produksjon, påpeiker Hofseth.

– Vi driv både slakteri og foredling og dette vil gi oss meir råstoff og sikre dei arbeidsplassane på sikt. I dag kjøper vi råstoff langvegsfrå, påpeiker han.

Måndag kveld fekk Hofseth sjansen til å framføre bodskapen direkte til fiskeriminister Bjørnar Skjæran.

– Eg vil seie at regjeringa bør gi oss moglegheit til å vekse og la oss bruke kapitalen til berekraftig vekst, fortel Hofseth om kva han tenkjer seie.

Eg vil seie at regjeringa bør gi oss moglegheit til å vekse og la oss bruke kapitalen til berekraftig vekst
Roger Hofseth

Atlantic Sapphire-gründer var koplinga
Eigentleg var det oppdrettsgiganten Mowi som i 2018 fekk dei seks konsesjonane Hofseth no har kjøpt seg inn i.

Sunnmøringen Hofseth og Ovum frå Osterfjorden fann kvarandre via Atlantic Sapphire-gründer, Bjørn-Vegard Løvvik og selskapet Akvakulturpartner - som kjøpte ut konsesjonane tidlegare i år.

Teknologien bak Egget er utvikla av selskapet Ovum – tidlegare Hauge Aqua. Satsinga skjer gjennom eit felles selskap, der Hofseth ønsker å vere majoritetseigar.

Publisert: 06.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 06.09.2022 11:36

Mer om