Kort fortalt

Geiranger treng éin milliard til omstilling

Vil ber regjeringa om hjelp.

NPK
17.11.2021
(NPK): Omstillinga som krevst for å gjere skipstrafikken i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden utsleppsfri frå 2026, kostar 950 millionar kroner, viser førebelse overslag Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort.

Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik foreslår no at fylkesutvalet i Møre og Romsdal ber regjeringa om økonomisk hjelp til omstillinga i verdsarvfjordane, ifølgje Sunnmørsposten.

Guttelvik oppmodar også utvalet til å ta saka opp med Statsministerens kontor.

Nullutsleppskravet blir venteleg ei stor økonomisk utfordring for kommunane Stranda og Fjord, skriv fylkeskommunedirektøren i tilrådinga si.

Det er mellom anna behov for å oppgradere straumforsyninga inn til verdsarvområdet og å sikre tilgangen for større skip inn til Hellesylt også etter 2026.

Ei styringsgruppe som har kartlagt behova i samband med omstillinga, har òg peika på at det er behov for å oppgradere kloakkreinseanlegg og å etablere ein parkeringshall i fjellet i Geiranger sentrum.

I sum reknar no fylkeskommunen med at alle dei nødvendige tiltaka samla vil koste rundt 950 millionar. kroner.

Fylkesutvalet skal behandle saka måndag 22. november.

(©NPK)

Publisert: 17.11.2021 15:01

Sist oppdatert: 17.11.2021 15:03

Mer om