Kort fortalt

Gir pengar til nytt fagbrev

Kan få pengar for å ta fagbrev

Marius Rosbach
11.07.2022

Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr økonomisk tilskot for at fleire skal ta nytt fagbrev. Verksemder eller kommunar kan søke om 65.000 kroner per kandidat som skal kvalifisere seg til nytt fagbrev, ifølgje ei melding frå fylkeskommunen.

Formålet med den nye tilskotsordninga er at fleire personar med godkjent studie- eller yrkeskompetanse tar nytt fagbrev. Ordninga gjeld for dei som teiknar ny lærekontrakt og pengane kan brukast for å dekke utgifter knytt til kvalifisering til nytt fagbrev.

I mange bedrifter er det stor mangel på fagutdanna arbeidskraft, og då kan ei slik støtte bidra til å auke kompetansen.

- Fylkeskommunen ønsker å bidra til at verksemder i privat og offentleg sektor kan møte dagens og framtida sitt kompetansebehov, og samtidig styrke varig tilknyting til arbeidslivet for den tilsette, uttaler kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Publisert: 11.07.2022 16:52

Sist oppdatert: 11.07.2022 16:53

Mer om