Fekk Tekna-pris for oppgåve om Prodtex
Rikke Paulsen Dalsbø brukte Ulstein-firmaet Prodtex som utgangspunkt i masteroppgåva.
Den høgthengande Tekna-prisen frå profesjonsorganisasjonen går til den studenten med høgste snitt og beste masteroppgåva.
- Veldig stas, seier 27-åringen Herøy.
Paulsen Dalsbø har siste tre åra studert Systems Engineering ved industrimasterprogrammet til Universitetet på Kongsberg (USN).
Samstundes har ho arbeidd deltid som ingeniør i Prodtex, eit selskap som har spesialisert seg på å byggje bruer og andre store installasjonar ved blant anna bruk av robotisering.
Dagens teori er tilpassa store firma
Ho opplyser at Systems Engineering-fagfeltet er eit tverrfagleg felt, der ein fokuserer på korleis ein designar, integrerer og administrerer komplekse system gjennom heile livssyklusen.
Masteroppågava hadde tittelen «Fit-for-purpose requirements documentation and communication in Prodtex, a small company».
Rikke Paulsen Dalsbø seier at tradisjonelt er Systems Engineering-teori utvikla med tanke på store firma, med dertil tidkrevjande og komplekse metodikkar.
- Desse metodikkane vil stort sett vere alt for omfattande for mindre firma – dei har gjerne behov for mindre komplekse metodar, og har ofte ikkje like høge krav til formell prosjektkontroll.
Utvikla enklare metode
Det siste halvåret har ho gjennomført eit prosjekt hos Prodtex der ho har sett på korleis eksisterande Systems Engineering-teori for kravhandtering i prosjekt («Requirements management») kan tilpassast mindre firma.
- Målet var å kome fram til ein metode for dokumentering og kommunisering av prosjektkrav som var «fit-for-purpose» for Prodtex: Altså ein metode som var effektiv og ikkje for tidkrevjande å bruke, samtidig som den hjelpte oss å holde god nok kontroll.
Publisert: 20.06.2022 05:00
Sist oppdatert: 20.06.2022 00:44