Elias vedvik stadyard foto marius 11
SKULE OG JOBB: Elias Vedvik (19) frå Måløy tok fagbrev etter å ha vore YSK-lærling - som står for Yrkes- og studiekompetanse. Det betyr at han kombinerte skule og arbeid frå starten av vidaregåande. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vil ha fleire som Elias

Fleire stader er det kutta i utdanninga som kombinerer skule og arbeidsliv - men ikkje i Måløy. Det er Elias og arbeidsgjevaren hans glade for.

Marius Rosbach
26.12.2021

Denne artikkelen er publisert i årets NETT NO-magasin, som har rekruttering som tema. Klikk for å lese heile magasinet digitalt.

Elias Vedvik jobbar som industrimekanikar ved Stadyard-verftet i Raudeberg og er ein slik fagarbeidar både politikarar, bedriftsleiarar og fagforeiningsleiarar ønskjer seg fleire av.

Den vidaregåande utdanninga han har tatt, går under fleire forkortingar. Somme kallar den TAF, andre YSK. Felles er at dei kombinerer skulegang og arbeid ute i bedriftene frå første dag.

– Eg var ferdig i sommar og no er planen å jobbe eitt år. Etterpå skal eg gå vidare skule og vil forsøke maskiningeniørstudie, fortel Elias.

(saka held fram under)

Elias vedvik stadyard foto marius 22
– STORTRIVST: – Eg har ikkje noko anna svar enn at eg stortrivst, fortel Elias om kvifor han vil jobbe med skipsbygging. Foto: Marius Rosbach

– Visste ikkje at det var dette eg ville
Valet til 19-åringen frå Raudeberg er typisk for desse elevane, som i ettertid er svært ettertrakta i den maritime industrien. Og i dag ser han føre seg i ei framtid med skipsbygging.

– Eg har ikkje noko anna svar enn at eg stortrivst, svarar Elias på spørsmålet om kva han likar med å byggje båtar på Raudeberg-verftet.

Han trekker fram variasjonen med ulike type båtar som noko av det som er kjekt. Det siste dei bygde var to fiskebåtar med hybrid framdrift.

– Eg visste ikkje at det var dette eg ville gjere, og var usikker. Men så prøvde eg og fann ut at dette var noko eg likte, fortel han.

Klikk her for å les heile NETT NO-magasinet

Tek inn fleire lærlingar
På Sunnmøre har det dei siste åra berre vore tilsvarande YSK-utdanning i Ålesund, etter at linjene i Ulsteinvik, Haram og Molde er lagde ned.

I Måløy er YSK-tilbodet halde oppe. Det set HR-sjef Glenn Paris på Stadyard pris på.

– Vi har vridd om på satsinga dei sist åra, og innsett at det er vanskeleg å få inn fagarbeidarar utanfrå. Difor tek vi inn fleire lærlingar, fortel han.

Verftet tek gjerne inn både «vanlege» lærlingar og YSK-lærlingar, sjølv om dei innser at mange av dei sistnemnde reiser vidare for meir utdanning. Håpet er at dei kjem tilbake.

– Begge deler er flott, og det er viktig for næringa å få inn begge typar fagfolk, avsluttar HR-sjefen.

Vi har vridd om på satsinga dei sist åra, og innsett at det er vanskeleg å få inn fagarbeidarar utanfrå
Glenn Paris, HR-sjef Stadyard

Publisert: 26.12.2021 05:55

Sist oppdatert: 25.12.2021 19:54

Mer om