Desse næringane har masse jobb, men manglar folk
Fleire linjer ved Fagskolen i Møre og Romsdal har plass til fleire søkjarar.
Søknadsfristen til fagskulane står for døra 20. april. Ein titt på søkartala så langt avslører at ein rekke linjer til bransjer med stort behov for arbeidskraft, har noko færre søkjarar enn venta.
– På nokre av studiene våre ser vi at søkertalla stemmer bra med behovet i næringslivet, medan vi har lågare søkjertal enn vi trudde skulle kome på andre studier, fortel næringskontakt Bertil Holen ved Fagskolen i Møre og Romsdal til NETT NO.
Skulen har kring 450 studentar årleg og tilbyr høgare yrkesfagleg utdanning som er aktuelle for ein rekke bransjar. Låge søkertal gjeld spesielt for linjer som maskinteknikk, prosessteknikk, boring- og havbotnsinstallasjonar og bygg.
– Når det gjeld boring- og havbotnsinstallasjonar, så er eg redd at mange tenkjer at dette er yrker som ikkje har ei framtid. Men det er enorme moglegheiter for folk til å få seg arbeid innan oljeindustrien, fortel han.
– Skal jobbe med det grøne skiftet
Holen viser til Njord A-plattformen som eitt døme. Etter oppgraderinga
blir den no slept til havs der den skal produsere fram til 2040. På
andre felt, som Heidrun og Kristin, skal det være produksjon til 2050 og
2060.
Om det er bilde av ein bransje på veg ned, eller ønske om å jobbe med andre ting som er årsaka til lågae søkertal, tør Holen ikkje seie for sikkert.
– Det er viktig å påpeike at olje- og gassindustrien skal jobbe med det grøne skiftet, men det skal gjerast på ein anna måte, legg han til.
Utdanning aktuell for fleire bransjar
Når det gjeld prosessteknikk, er det ein kompetanse som er etterspurt i
ein rekke bransjar. Denne utdanninga er blitt meir aktuell i
sjømatnæringa, samtdig er det framleis stort behov hos meir
tradisjonelle Hydro Aluminium.
Næringsmiddelbedrifter og Tine meierier er andre områder, der personar med slik utdanning er ettertrakta.
– Også innan bygg- og anlegg er det framleis eit veldig stort behov for fleire folk, legg Holen.
– Redde for å misse arbeidskrafta
Holen fortel at dei vil forsøke å kome til botnen i kva som kan
vere årsaka til dei litt låge søkertala. Han ser ikkje vekk frå at
manglande gjennomslag i bodskapen om behovet for arbeidskraft kan vere
ei forklaring.
– Maskinteknikk er noko dei fleste bedriftene vi samarbeider med har behov for. Men vi tilbyr berre heiltidsstudie i dette faget, og mange er redde for å misse arbeidskrafta dei har, fortel Holen.
Med eit deltidsstudie trur han søkjartala ville auka ettersom fleire då kan ta utdanninga ved sidan av jobb.
Fleirtal søkte seg til yrkesfag
Fagskulen samarbeider med fleire aktørar for å halde seg oppdatert på
behovet i næringslivet. Holen ser med glede på at 58 prosent søkte seg
til yrkesfag ved årets opptak til vidaregående skuler.
– Vi håpar at dette med åra også vil spegle seg i søkartala ved høgare yrkesfagleg utdanning hos oss, fortel han.
Fagskulen blei i fjor slått saman til éin skule for heile Møre og Romsdal. Studiestadene til no har vore Ålesund og Kristiansund, men eit deltidsstudium er under planlegging i Molde.
Publisert: 09.04.2022 04:59
Sist oppdatert: 08.04.2022 22:41