Kort fortalt

Giørtz kjøpte Ulstein-butikk

Ny eigar for Spar Ulsteinvik.

27.09.2021

Gange-Rolv-konsernet har fått ein ny daglegvare inn i folden, etter at dei overtok Spar Ulsteinvik, melder Vikebladet Vestposten.

Butikken som er best kjent under namnet Vi-To, har i ei årrekke vore eigd av Tina og Jan Inge Fredsvik.

– Det er ein svært veldriven og fin butikk, det er noko vi vil prøve å føre vidare, fortel dagleg leiar Sverre Olav Sebjørnsen i Gange-Rolv til avisa.

Konsernet har frå før 11 daglegvarebutikkar på Nordvestlandet, og er eigd av H.I. Giørtz Holding i Sula. Butikkane sette nye rekordar både i høve omsetning og lønnsemd i fjor.

Publisert: 27.09.2021 16:07

Sist oppdatert: 27.09.2021 16:09

Mer om