NPK-NTB: Nesten sju av ti meiner ønska til styresmaktene om å opne opp samfunnet igjen går i rett tempo. Nær to av ti meiner det går for fort, ifølgje ei ny undersøking.
Ifølgje frå Opinion svarar 68 prosent av dei 6.000 spurde at samfunnet blir opna i rett tempo etter koronautbrotet. 19 prosent meiner det går for fort, medan 14 prosent svarar at det går for sakte.
Delen som meiner det går i rett tempo, går opp frå 63 prosent førre måling, medan delen som tykkjer det går for fort, har falle frå 23 til 19 prosent.
Regjeringa la 7. mai fram planen for korleis gjenopninga av landet skal gå føre seg. Fleire tiltak vart innførte med direkte verknad, og det meste som har vore stengt, skal vere opna igjen innan 15. juni.
Undersøkinga viser òg at annankvar nordmann (51 prosent) har tillit til at folk flest følgjer råd og retningslinjer for å unngå smitte. 28 prosent svarar at dei ikkje har denne tilliten, medan 21 prosent er usikre eller svarar veit ikkje.

Publisert: 25.05.2020 11:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27