Kort fortalt

Gjer det lettare for småbedriftene

Deler opp offentlege kontraktar.

06.05.2020
NPK-NTB: Næringsminister Iselin Nybø (V) vil at det offentlege oftare skal dele opp store kontraktar, slik at mindre bedrifter òg skal kunne konkurrere om dei.
Dette skjer som følgje av ein rapport som viser at offentleg sektor ikkje er flinke nok til å følgje innkjøpsreglane.
– Rapporten viser at offentleg sektor ikkje er flinke nok til å dele opp store kontraktar. Det er uheldig. Når vi no kjempar for at norsk næringsliv igjen skal få vind i segla, er det avgjerande at storleiken på kontraktane er rette, seier Iselin Nybø.
Dei gjeldande reglane seier nemleg at oppdragsgivarane skal vurdere å dele opp kontraktane og elles grunngi kvifor dei ikkje gjer det.

Publisert: 06.05.2020 18:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27