Ti gangar meir verdt på eit halvt år
Fylkeskommunalt selskap betalte fem millionar for halvparten av R8Me. Eit halvt år tidlegare betalte Ålesund-selskap ein tidel, viser kritisk rapport til kontrollutvalet.
Investeringa som selskapet Fylkeshuset gjorde i selskapet R8Me gjorde at kontrollutvalet i fylket i fjor ba revisjon-, rådgiving- og advokatselskapet granske transaksjonen, som blei svært omstridd då den blei kjent.
Ideen bak R8Me er å tilby ei rangering av mindre og mellomstore bedrifter i høve til FN sin 17 berekraftsmål. Målet er ein mest mogleg automatisert prosess. Selskapet blei registrert i Brønnøysundregisteret i mai 2021 og hadde sitt første heile driftsår i 2022.
No er rapporten klar.
Fylkeshuset er eit eigedomsselskap med Møre og Romsdal fylkeskommune som majoritetseigar. I slutten av 2021 kjøpte Fylkeshuset halvparten av aksjane frå grunnleggaren Ingvild Nistad, som var tilsett i fylkeskommunen.
Sunnmørsposten skreiv om rapporten først
Stor verdistigning
Nistad sitt selskap Rateme fekk fem millionar kroner for aksjane Fylkeshuset As kjøpte.
Deloitte er kritisk til verdsettinga, og viser mellom anna til at selskapet Plan 2030 10. juni 2021 kjøpte halvpartene av aksjane i R8Me for 495.000 kroner:
"Ved verdsetting av selskap er det også vanleg å sjå på finansieringshistorikken til selskapet. Den andre aksjonæren i R8Me AS, Plan 2030 AS, kjøpte 50 % av aksjane i R8Me AS for 495 000 kroner den 10. juni 2021. Dette var berre to månadar før Fylkeshuset AS sette i gang prosessen med å kjøpe seg inn i selskapet. Deloitte stiller spørsmål ved kvifor det i desse prosessane ikkje i større grad blei teke omsyn til selskapsverdien slik denne blei vurdert i juni 2021, under dette kvifor det ikkje blei gjort ei meir inngåande vurdering av om selskapet gjennom sommaren 2021 faktisk hadde hatt ei utvikling som understøtta ein selskapsverdi på 10 millionar kr. per august 2021.", heiter det i rapporten.
Plan 2030 er eigd av Byggtorget Holding, med Kaj Bang Westre som største aksjonær.
Kaj Bang Westre skriv i ei tekstmelding til NETT NO at Plan 2030 gjekk inn som medeigar i R8Me i juni 2021 i ei kapitalutviding.
"Det var en rettet emisjon. Kapitalen gikk i sin helhet inn i selskapet og etter gjennomføring ble vi eier av 50 % av aksjene."
Etterlyser analyse
Deloitte kritiserer også Fylkeshuset for manglande sjølvstendig vurdering av verdien av R8me:
"Det er ikkje dokumentert at Fylkeshuset As i samband med kjøp av aksjar i R8Me AS gjennomført undersøkingar av
marknaden eller om det kunne vere andre aktørar enn R8Me AS som arbeidde med å utvikle tilsvarande eller liknande
tenester og verktøy. Det er heller ikkje dokumentert at det blei gjennomført noko form for selskapsgjennomgang/due
diligence av R8Me AS, under dette av kompetansen i selskapet, framtidige investerings- og kunnskapsbehov, moglege
konkurrentar og den aktuelle marknadssituasjonen. Etter Deloitte si vurdering vil det ved kjøp av aksjar i eit
oppstartsselskap som R8Me AS vere naturleg at slike analyseprosessar blir gjennomført i forkant av kjøpet, og Deloitte
meiner Fylkeshuset AS ikkje har gjennomført tilstrekkeleg due diligence av R8Me AS i forkant av det aktuelle aksjekjøpet.
Artikkelen held fram under
Deloittte er også kritisk til den verdivurderinga som ble lagt til grunn ved kjøpet, som var gjort at selskapet Azets og basert på R8Me sine eigne opplysningar og vurderingar:
"Det er Deloitte si vurdering at vekstprognosane som ligg til grunn for verdsettingsestimata er svært høge. Til dømes er det i low case scenarioet lagt til grunn at R8Me AS vil ha ei inntekt på 0,7 millionar kr. i 2021, 5,7 millionar kr. i 2022 og 12,5 millionar kr. i 2023, sjølv om verktøyet R8Me AS skulle bruke til å bærekraftsertifisere verksemder ikkje var ferdigutvikla og klart til bruk."
Guttelvik avviser kritikk
Tidlegare fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik var styreleiar i Fylkeshuset as då R8Me-aksjane vart kjøpt. Han er framleis styreleiar i Fylkeshuset.
Han avviser kritikken av prisinga i sitt høyringsuttale til Deloitte-rapporten.
Grunnlaget for at at Fylkeshuset meinte R8Me var interessant å investere i var mellom anna samtalar med FN`s generalsektrær for U4SSC- United Cities, som meinte ingen andre var i nærleiken av R8Me sin "faktiske ståstad, korkje på modell, eller metode."
Guttelvik viser også til eit eigarmøte med KLP, den andre stor eigaren i Fylkeshuset As 17,. desember 2021, like før R8Me-aksjane vart kjøpt:
"Bakgrunnen for eigarmøtet var 2 delt, eg ønska å gjere klart fylkeskommunen si haldning direkte for konsernleiinga, og eg ønske å sondere om KLP meir direkte enn gjennom Fylkeshuset AS ville/kunne vurdere eigarskap i R8Me as. Investeringsavgjerder i KLP er tunge prosessar. Konsernleiinga løfta fram ein alternativ modell til aksjekjøp frå Fylkeshuset AS kunne vere å stifte eit holdingselskap med KLP og Fylkeshuset AS eller fylkeskommunen som eigarar og som i neste runde gjorde aksjeervervet. Dette alternativet vart ikkje følgd opp. Samtale gjekk då vidare på opphaveleg "spor", mogleg aksjeerverv frå Fylkeshuset AS.
KLP hadde sjølvsagt ingen grunn til å tvile på eller overprøve den vurderinga eg som fylkeskommunedirektør og styreleiar i Fylkeshuset AS hadde gjort. Å gå inn på eigarsida i eit gründerselskap inneber alltid risiko. Det KLP som eigar derfor og var oppteken av var at Fylkeshuset AS med eit slikt aksjekjøp ikkje tok nokon urimeleg risiko. Ein fann tvert i mot at dette var ein akseptabel risiko med utgangspunkt i m.a. Fylkeshuset AS sin eigenkapitalsituasjon og potensiale i R8Me as. Ein såg heller ikkje noko utfordring knytt til den likviditetsmessige situasjonen.
I samtalene med KLP si toppleiing var ein og innom aksjeprisen. Det vart ingen diskusjon om verdsettinga, partane tiok til vitande at verdien på selskapet hadde vore undergitt uavhengig 3. partsvurdering, og det er grenser for kva ein kan gjere."
Treng pengar
R8Me treng ny eigenkapital, går det fram av selskapet sin årsrapport for 2022, som nyleg vart offentleg.
Selskapet arbeider med ein emisjon som selskapet tidlegare har sagt skulle vere fullført i 1. kvartal i år.
2022 var første heile driftsår for selskapet, med 0,3 millionar kroner i driftsinntekt og 1,8 millionar kroner i underskot før skatt.
I fjor selde Fylkeshuset seg ut av R8Me - til R8Me - samstundes det var gjennomført ei kapitalutviding - som det ikkje vart opplyst storleiken på.
Etter kapitalutvidinga var eigarane av R8me:
Plan 2030 As (71.000)
R8Me As (54.300)
Byggtorget Holding (16.350)
Skalar (8.350)
Plan 2030 er eit datterselskap av Byggtorget Holding. Plan 2030 var 50 prosent medeigar frå før. Kaj Bang Westre er største aksjonær i Byggtorget Holding. R8Me sine aksjar i eige selskap skal etter planen brukast som ein del av transaksjonen i kapitalutvidinga selskapet arbeider med.
Publisert: 25.03.2023 12:50
Sist oppdatert: 27.03.2023 14:21