Berekraftselskap treng påfyll
Investering skapte strid i fylkespolitikken. No er det uvisse om vidare drift om ikkje kapitalutviding lukkast.
Ideen bak R8Me er å tilby ei rangering av mindre og mellomstore bedrifter i høve til FN sin 17 berekraftsmål. Målet er ein mest mogleg automatisert prosess.
Selskapet blei registrert i Brønnøysundregisteret i mai 2021 og hadde sitt første heile driftsår i 2022.
Selskapet Fylkeshuset As, med Møre og Romsdal Fylkeskommune som største eigar, kjøpte i 2021 halvparten av aksjane i R8Me for fem millionar kroner frå grunnleggaren, Ingvild Nistad, sitt selskap Rateme Markets. Ho var då var tilsett i fylkeskommunen. Prisen verdsette selskapet til 10 millionar kroner.
R8me as | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 0,3 | 0,3 |
Driftsresultat | -1,8 | 0,03 |
Resultat før skatt | -1,8 | 0,03 |
«Oppkjøpet er et nytt steg i Møre og Romsdal fylkeskommunes bærekraftsatsing», sto det i pressemeldinga frå fylkeskommunen.
Fylkeshuset as er eit eigedomsselskap som mellom anna eig fylkeshuset i Molde.
Treng påfyll
2022-rekneskapen til R8Me viser eit underskot før skatt på 1,8 millionar kroner, og ein negativ eigenkapital.
Styret i selskapet meiner det likevel er grunnlag for vidare drift, fordi selskapet arbeider med ei kapitalutviding, retta mot ei utvald gruppe investorar. I årsmeldinga skriv selskapet at "Emisjonen er i prosess og forventes å være ferdig gjennomført medio februar".
- Eg har ikkje anledning til å uttale meg no, seier dagleg leiar Ola Helge Haugen til NETT NO om status for emisjon per i dag.
Ifølgje årsmeldinga også inngått tre "samarbeidsavtaler- og distribusjonsavtaler med regnskapskontor(kjeder) som samlet vi gi et omfattende markedseksponering og omsetningspotensiale."
Selskapet er også i gang med å søke om lån og tilskot: "Søknadsprosesser om tilskudd gjennom Innovasjon Norge og Forskningsrådet er igang og vedtak forventes mot slutten av 1. kvartal 2023. Søknad om låneramme bank, gjennom Innovasjon Norge sin Vekstgarantiordning gjennomføres etter at emisjon er avsluttet."
Granskingsrapport
Då detaljane om aksjekjøpet i R8Me blei kjent, mellom anna prisen, reagerte fleire fylkespolitikarar negativt, og investeringa enda til slutt opp som ei sak for kontrollutvalet i fylkeskommunen, som ventar ein granskingsrapport før møte i kontrollutvalet i neste veke.
Les også
Nyhendemagasinet "The Economist" kritiserer ein av dei store trendane i næringsliv og politikk.
Rapporten vil truleg også innhalde ei vurdering av blant andre tidlegare fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik si rolle i transaksjonen, som styreleiar i Fylkeshuset og R8me.
I fjor selde Fylkeshuset seg ut av R8Me - til R8Me - samstundes det var gjennomført ei kapitalutviding - som det ikkje vart opplyst storleiken på.
Etter kapitalutvidinga var eigarane av R8me:
Plan 2030 As (71.000)
R8Me As (54.300)
Byggtorget Holding (16.350)
Skalar (8.350)
Plan 2030 er eit datterselskap av Byggtorget Holding. Plan 2030 var 50 prosent medeigar frå før. Kaj Bang Westre er største aksjonær i Byggtorget Holding. R8Me sine aksjar i eige selskap skal etter planen brukast som ein del av transaksjonen i kapitalutvidinga selskapet arbeider med.
Publisert: 24.03.2023 15:20
Sist oppdatert: 27.03.2023 14:22