De262e099e69 fylkeshuset 1
NOKO MÅ GJERAST: Deloitte-rapport med framlegg om fleire endringa hos Møre og Romsdal fylkeskommune etter omstridd aksjekjøp gjort av selskapet som eig fylkeshuset i Molde. Fylkeskommunen er største aksjonær i eigedomsselskapet. Foto: Møre
Nytt

Vil ha endringar etter omstridd aksjekjøp

Fylket må gjere endringar for å unngå ei ny R8Me-sak.

27.03.2023

Torsdag 30. mars skal kontrollutvalet i Møre og Romsdal handsame Deloitte-rapportene om det omstridde kjøpet av aksjar i berekraftrating-selskapet R8Me frå ein av fylkeskommunen sine eigne tilsette.

Fem millionar kroner betalte selskapet Fylkeshuset as - med fylkeskommunen som majoritetseigar og fylkeskommunedirektøren som styreleiar - for 50 prosent av aksjane i R8Me i desember 2021. Selskapet var skipa tidlegare same år og kjøpet vekte sterke reaksjonar blant fylkespolitikarane då det blei kjent i fjor. Kritikarane reagerte både på framgangsmåte, pris og grunngjeving for kjøpet.

No har revisjon-, rådgiving- og advokatselskapet Deloitte lagt fram sin rapport om saka til kontrollutvalet i fylket.

Les rapporten her

Uryddig eigarstyring
I følgje Deloitte-rapporten har fylkeskommunen mangla både eigarstrategi og mål for Fylkeshuset og dessutan hatt ein manglande eigarrepresentasjon i generalforsamling.

"Det har også vore for lite merksemd kring utfordringar knytt til habilitet slik organiseringa av styret og leiing i Fylkeshuset AS er organisert. Når dagleg leiar i
Fylkeshuset AS er juridisk sjef og sakshandsamar i fylkeskommunen, og styreleiar i selskapet er fylkeskommunedirektør, vil desse kunne vere inhabile når saker knytte til Fylkeshuset AS skal handsamast i fylkesutvalet eller fylkestinget.", heiter det i rapporten.

Deloitte meiner og at kjøpet av aksjane i R8Me manglar forankring i fylkeskommunen, som majoritetseigar. Det er heller ikkje openbart at aksjekjøpet er ein naturleg del av verksemda til eigedomsselskapet Fylkeshuset as, som eig bygget som husar fylkesadministrasjonen i Molde.

Deloitte meiner og at verdivurderinga som vart gjort før Fylkeshuset betalte fem millionar kroner for ein aksjepost på 50 prosent er meir ei teknisk berekning enn ei reell verdivurdering.

Fylkehuset gav også R8Me eit rente- og avdragsfritt lån på 3,5 millionar kroner. Deloitte meiner det er risiko for at dette lånet bryt med reglane for offentleg støtte.

I rapporten blir det og peika på manglande rutinar for dokumentering og vurdering av fylkeskommunale tilsette si etablering av eige selskap.

Fire tilrådingar
Deloitte kjem med fire tilrådinga i rapporten

*Betre og avklare prinsippa for eigarstyringa av Fylkeshuset as.
*Vurderer om det rente- og avdragsfrie lånet er innan for regelerverket for offentleg støtte.
*Sikrar at Fylkeshuset oppfyller krava til offentleg innsyn.
* Etablerer rutinar for å sikre at fylkeskommunen sine etiske retningsliner knytt til å ha/ta anna lønna arbeid eller etablere næringsverksemd som kan gå utover arbeidet i fylkeskommunen blir etterlevd, og at innmelding, vurdering og avklaring av denne typen forhold blir dokumentert.

Fylkeshuset selde i november 2022 aksjane sin i R8Me for det same beløpet som dei vart kjøpt for. Kjøpar var selskapet sjølv.

Publisert: 27.03.2023 15:15

Sist oppdatert: 27.03.2023 16:38

Mer om