(NPK-NTB): Regjeringa har gjort det klart at dei lettar på nokre koronarestriksjonar. Virke meiner det kan gi eit etterlengta pusterom for nokon av dei som har vorte hardast ramma.
– Virke er glade for at regjeringa no legg opp til ei vidare nasjonal gjenopning, som kan gi eit etterlengta pusterom for nokon av dei som har vorte ramma hardast av koronarestriksjonane, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen i Virke til NTB.
Han peikar på at opphøyret av skjenkestopp ved midnatt er svært viktig for utelivsbransjen, og at auka kapasitet på arrangement utandørs òg er eit viktig skritt i riktig retning. Det meiner han at moglegheita for å bruke annakvart sete òg er.
– Det kan bety forskjellen mellom lønnsemd og tap for mange verksemder som kinoar og kulturhus, seier han.
(©NPK)

Publisert: 30.09.2020 17:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24