Astrid Simonsen Joos Glamox sjef foto Ogne
MARITIM VEKST: Glamox-sjef Astrid Simonsen Joos har lagt bak seg eit kvartal med sterk vekst i marine-, offshore- og vindkraftdivisjonen. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Glamox i vekst – og minus

Gjekk med underskot i andre kvartal.

Marius Rosbach
24.08.2023

Glamox-konsernet fekk rekordhøge inntekter i andre kvartal og enda på 1.060 millionar i omsetning. Det opplyser eigarane i GLX Holding i ei melding torsdag.

Glamox-sjef Astrid Simonsen Joos uttaler at dei har lagt bak seg eit halvår med god vekst, trass makroøkonomisk usikkerheit.

Inntektsauken på drygt 17 prosent kjem mellom anna som følgje av sterk vekst i marine-, offshore- og vindkraftdivisjonen. Omsetningsauken her var på nær 40 prosent.

Den andre delen av verksemda er byggdivisjonen som hadde ein vekst på drygt 10 prosent.

Lønnsemda vart samtidig svekka samanlikna med same kvartal i fjor, og resultat før skatt enda med minus 1,2 millionar kroner.

Tala for første halvår viser samtidig at lønnsemda så langt i år er betydeleg betre samanlikna med 2022 (sjå tabell under).

GLX Holding er eit selskap eigd av investeringsselskapet Triton for å eige Triton sin aksjepost på eig 76,17 prosent i Glamox-konsernet. GLK Holding konsoliderer heile Glamox-konsernet inn i sitt rekneskap

Glamox har hovudkontor i Oslo, men har både røtene og ei stor verksemd i Molde.

GLX Holding as

Tal pr. 2. kvartal. I mill. kroner

2023
2022
Driftsinntekt
2.106,9
1.789,1
Driftsresultat
157
80,8
Resultat før skatt
28,5
8,3



GLX Holding as


2. kvartal. I mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
1.064,7
908,8
Driftsresultat
64,9
45,9
Resultat før skatt
-1,2

8

Publisert: 24.08.2023 13:56

Sist oppdatert: 24.08.2023 14:44

Mer om