Glamox tilbake i pluss
Marine-, offshore- og vindkraftmarknaden sikrar rekordstor ordreinngang.
Etter sitt første minusår sidan 2003 i 2021, kom Glamox-konsernet tilbake i pluss i 2022. Det viser rapporten for fjerde kvartal.
Glamox har hovudkontor i Oslo, men har både røtene og ei stor verksemd i Molde.
I 2021 gjorde store restruktureringskostnadar - mellom anna knytt til flytting av produksjon frå Tyskland til Polen og Norge - at belysningskonsernet gjekk med underskot.
Vekst til havs
Glamox-konsernet omfattar mellom anna Ålesund-selskapet Luminell, som blei kjøpt i 2021.
Kjøpet styrka Glamox-konsernet si satsing på den marine marknaden, og i fjor var det den delen av verksemda som hadde relativt størst vekst i konsernet.
Glamox har delt verksemda i to divisjonar, bygg og marin, der den siste omfattar lys både til skip, offshoreinstallasjonar for olje og gass og vindkraftanlegg til havs.
Bygg-divisjonen hadde 2,8 milliardar kroner i driftsinntekter i fjor. Det er ein ein auke på 6,5 prosent. Ordreinngangen var 2,8 milliardar, ned 4,2 prosent frå 2021.
Marindivisjonen auka driftsinntektene 24 prosent frå 2021, til 913 millionar. Ordreinngangen var 1033 millionar, opp 27 prosent.
Ventar meir vekst
Konsernet ventar vidare vekst, spesielt for marinedivisjonen, mellom anna fordi høgare energiprisar gjer at kundane vil skifte over til lys som krev mindre energi.
GLX Holding er eit selskap eigd av investeringsselskapet Triton for å eige Triton sin aksjepost på eig 76,17 prosent i Glamox-konsernet. GLK Holding konsoliderer heile Glamox-konsernet inn i sitt rekneskap (sjå tabell).
GLX Holding as | ||
Tal pr. 4. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 3772 | 3377 |
Driftsresultat | 217 | -86 |
Resultat før skatt | 37 | -229 |
GLX Holding as | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 1049 | 905 |
Driftsresultat | 61 | -28 |
Resultat før skatt | 10 | -83 |
Publisert: 06.02.2023 11:00
Sist oppdatert: 06.02.2023 11:24