Kort fortalt

God juli for norske hotell

Betrakteleg auke frå i fjor.

17.08.2023

(NPK-NTB); Talet på selde hotellrom i juli auka betrakteleg samanlikna med juli i fjor og var på eit langt høgare nivå enn siste normalsommar før pandemien.

Ferske tal frå Benchmarking Alliance, omarbeidd av hotellrådgivar Peter Wiederstrøm for NHO Reiseliv, viser at talet på selde rom auka med 5,2 prosent frå juli i fjor og 8,3 prosent frå juli 2019, skriv NHO Reiseliv i ei pressemelding.

Oslo (inkludert Fornebu) og Bodø har hatt den sterkaste veksten med ein auke på høvesvis 10,5 og 35,3 prosent i talet på selde rom frå juli 2019 til juli 2023.

Samtidig gjekk rombelegget opp frå 63,4 prosent i juli i fjor til 65 prosent i år. I 2019 var det eit belegg på 67,7 prosent i juli.

(©NPK)

Publisert: 17.08.2023 09:07

Sist oppdatert: 17.08.2023 09:07

Mer om