Monja mjelva muren foto kjetil
OMSTILLING: Færre bussturistar har ført til rekordomsetning for Hotel Union Geiranger, som ligg godt an til nok eit rekordår. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

– Det ligg an til nytt rekordår

Færre bussturistar førte til rekordomsetning for Hotel Union Geiranger i fjor.

Linn Antonie Vårdal Solheim
28.07.2023

Hotel Union Geiranger auka omsetninga med 36,3 millionar i 2022, og veksten fortset.

– Det ligg an til nytt rekordår om det fortset slik som no, fortel Monja Mjelva ved Hotel Union Geiranger. Ho og mannen Sindre er fjerde generasjon som driftar det tradisjonsrike hotellet med røter tilbake til 1891.

– Kort fortalt så er ikkje talet på gjestar høgare, men omsetninga per gjest har gått opp, fortel ho.

Har kutta talet på bussturistar
To og eit halvt år med pandemi var krevjande, og førte til ei omstilling i reiselivsnæringa. Mjelva fortel at dei ser store endringar i reisemønsteret blant turistane, der stadig fleire legg ferien til Geiranger, heller enn gjennomreise.

Som følgje av dette fortel ho at dei har teke eit bevisst val å redusere talet på turistbussar, og heller satse meir på å legge til rette for individuelle reisefølgjer ved hotellet.

Hotel union geiranger montasje mjelva foto ogne marius 11
4 GENERASJON: Monja Mjelva og mannen Sindre (innfelt) er fjerde generasjon som driv det tradisjonsrike hoteller i turistbygda. Foto: Ogne Øyehaug/Marius Rosbach

Meir spa, mat og vin
Avgjerda med å frigjere fleire rom til individuelle gjestar har vist seg å vere viktig for hotellet. Mjelva fortel at dei gjestane hotellet har no, legg att meir pengar enn tidlegare.

– Folk bruker spa, går på fjellet, kjøper vin og mat og gjer generelt meir ut av opphaldet sitt, fortel ho.

Monja fortel at dei har gode besøkstal, og at det er kjekt å sjå utviklinga der særleg nordmenn har endra reisevanane sine dei siste åra.

– Pandemien har gjort at folk har fått opp augene for eige land og dei moglegheitene som fins her, fortset Mjelva.

- Valutaen er i vår favør
Det er ikkje berre nordmenn som tek turen innom verdsarvsområdet i Geiranger, også dei internasjonale turistane er stadig på vitjing.

Mjelva fortel at dei særleg på sommarsesongen utgjer ein viktig del av kundegrunnlaget til turistnæringa.

– Valutaen er i vår favør i den internasjonale marknaden, og vi får ikkje like mykje spørsmål om kva ting kostar som tidlegare, fortel Mjelva.

Heilårsferge viktig
Det er ikkje berre om sommaren det er aktivitet i den vesle bygda i Stranda kommune, og Mjelva fortel at heilårsferge frå Hellesylt til Geiranger har vore med på å styrke situasjonen for turistnæringa.

– Ferga har vore eit viktig bidrag til å utvide sesongen vår, seier Mjelva.

Investerer tungt i personale
Rekordomsetninga i 2022 kom ikkje gratis. Mjelva fortel at pandemien førte med seg store utfordringar på bemanningsfronten, som både Hotel Union og resten av næringa har etterverknadene av i lang tid.

– Det var mykje kompetanse som forsvann ut av landet og til andre næringar, og det har teke tid å bygge opp att, seier ho.

2022 var eit utfordrande år, der ein utan å ha fått på plass tilstrekkeleg grunnbemanning opna for fullt igjen.

Ved Hotel Union gjekk dei frå å sysselsette 53 årsverk i 2021, til 87 året etter. Mange av desse var deltids- og sesongstillingar, noko som førte til store kostnadar for hotellet. Totalt var dei i løpet av fjoråret oppe i 130 tilsette.

Tilbake til normalen
Mjelva forklarar at dei under pandemiåra heiv seg rundt, gjorde store investeringar for å bøte på situasjonen.

Monja fortel mellom anna at mannen hennar, Sindre, bygde 24 familieleiligheiter for å gjere det meir attraktivt å etablere seg i den vesle bygda.

Store investeringar i kompetanse og infrastruktur har løna seg, og situasjonen er langt på veg tilbake til normalen frå før pandemien.

– I år ser situasjonen ein heilt annan ut enn i fjor, og vi har fått tilsette tilbake i fulltidsstillingar, seier ho.

Publisert: 28.07.2023 16:17

Sist oppdatert: 28.07.2023 16:23

Mer om