NPK-NTB: Havforskingsinstituttet har registrert høgare loddebestand i Barentshavet under økosystemtoktet i år enn i dei to siste åra.
I fjor og året før konkluderte forskarane med at loddebestanden stod i fare for å kollapse. I år ser det derimot mykje betre ut.
– Spesielt var det meir modnande lodde enn forventa, det vil seie to- og treåringar som blir klare for gyting til vinteren, seier havforskar Georg Skaret.
Lodda blir sett på som ein nøkkelbestand i Barentshavet og er viktig mat for blant anna torsk, sel og kval. Derfor har forskarane vore bekymra over funna dei to førre åra.
– Det ser ut til at torsken har klart seg godt gjennom loddekollapsen. Den ser ut til å vere i god behald, og no ligg det an til at den får betre tilgang på mat i nærmaste framtid, seier Skaret.
Økosystemtoktet i Barentshavet blir gjort ein gong i året av Havforskingsinstituttet og det russiske søsterinstituttet PINRO i Murmansk.

Publisert: 04.10.2017 10:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41