NPK: Tidleg på 1980-talet var bestandane av torsk og hyse på eit historisk lågmål i Barentshavet. På 2000-talet nådde begge bestandane rekordstorleikar. Mykje grunna grep frå russiske og norske styresmakter.
– Styresmaktene tok grep og klarte å kjempe imot det ulovlege fiske. Dermed minska dei òg fiskepresset på desse artane i Barentshavet, seier Edda Johannesen, bestandsansvarleg for hyse ved Havforskingsinstituttet (HI) i ei sak på nettsidene deira.
I tillegg til nedkjemping av ulovleg fiske laga norske og russiske myndigheiter langsiktige forvaltingsplanar for artane, og i heile Europa blei det innført eit strengare regelverk for landingar frå utanlandske båtar.
Omtrent samstundes skjedde fleire heldige samantreff. God gyting, gunstige forhold for egga og gode straumforhold førte til sterke årsklassar for både hyse og torsk i 2004, 2005 og 2006.
– På det høgaste var det 17 gonger meir hyse og seks gonger meir torsk i Barentshavet enn på 80-talet, seier Johannesen.
I dag er bestandane blitt mindre. Hysebestanden blei i 2019 rekna til å vere omtrent 700.000 tonn, medan torskebestanden ligg på 2,6 millionar tonn.

Publisert: 01.04.2020 11:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28