NPK-NTB: Forliset til fiskebåten Fay utanfor Honningsvåg laurdag skal undersøkast nærare av Havarikommisjonen. Mannskapet på tolv vart redda, men skuta sokk.
– Vi har hatt ein runde på morgonen måndag og har vedtatt å setje i verk ei sikkerheitsundersøking, seier direktør William Bertheussen i Statens havarikommisjon til
Fiskebåten Fay fekk laurdag formiddag problem nord for Honningsvåg. Dei tolv personane om bord vart redda av eit redningshelikopter. Skuta sokk ein times tid etter at mannskapet var redda. Alle kom fysisk uskadde frå havariet.
– Vi gjer alt vi kan for å finne ut kva som skjedde, kvifor, og kva vi kan gjere for å forhindre ei gjentaking. Det inneber òg å intervjue mannskapet, seier Bertheussen.
Arbeidet startar ikkje opp før etter nyttår.
Fay er ein linebåt registrert i Averøy i Møre og Romsdal og er 21 meter lang, 10 meter brei og eigd av reiarlaget Kenfish 2.
Det er ikkje kjent kva som var årsaka til at båten fekk problem, men det var mykje vind i området og to meter høge bølgjer.

Publisert: 31.12.2019 10:59
Sist oppdatert: 22.03.2021 15:32