Kort fortalt

Granskar Mattilsynet

Gransking av Mattilsynet klar før jul.

07.08.2019
NPK: Oppdraget med ei gransking av Mattilsynet er lagt ut med anbodsfrist 28. august og frist for å levere rapport i byrjinga av desember.
I juni instruerte Næringskomiteen på Stortinget Landbruks- og matdepartementet (LMD) om å gjennomføre ei gransking av Mattilsynet.
– Mattilsynet har ikkje berre eit alvorleg omdømmeproblem men står i ei tillitskrise, sa Linda Hofstad Helleland, Høgres næringspolitiske talsperson da til .
Bakgrunnen vart ein tilsynsrapport frå Mattilsynet om pelsdyrhald som viste seg å vere feil.
I utlysinga av anbodet som har ein estimert verdi på 1,1 millionar kroner og ligg ute på Database for offentlege innkjøp ( ), heiter det at «Formålet med anskaffelsen er å få ei uavhengig gransking av forvaltningskvaliteten i Mattilsynets tilsynsvirksomhet, dvs. planlegging, gjennomføring og oppfølging av tilsyn. Konsulenten skal på bakgrunn av granskningen peke på eventuelle forbedringspunkter».
Granskinga skal sjå på Mattilsynets tilsynsverksemd i husdyrhald, planteproduksjon, fiskeri og fiskeoppdrett. Men også produksjonsverksemder som slakteri. Granskinga skal også omtale og vurdere tilsyn knytt til fiskekvalitet og utskriving av attestar for eksport av sjømat.
Oppdraget skal vare i fire månader med frist for å levere rapport 10. desember.

Publisert: 07.08.2019 11:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33