NPK: Neste vår er det planlagd opning av ein ny restaurant på toppen av gondolbana Loen Skylift på fjellet Hoven i Stryn.
– Vi byggjer ut 170 kvadratmeter og får ein ny restaurant med 60–70 sitjeplassar. I tillegg får vi bygd tak over ein del av terrassen. Dette er eit byggjeprosjekt til eit tosifra millionbeløp, bygd av lokale verksemder, seier dagleg leiar Richard Grov til avisa Fjordingen.
Grov fortel at prosjektet er handsama og godkjent av styret og at dei så vidt er i gang med førebuing av byggjetomta. Planen er å starte arbeidet om to veker.
– Kommunen har gitt munnleg grønt lys ettersom vi byggjer etter eksisterande reguleringsplan, og bygget er å sjå på som eit tilbygg. Så sender vi eittrinnssøknad på heile prosjektet, seier Grov til avisa.
Planen er å bygge ein restaurant som skal appellerer til endå fleire, og som skal vere meir innretta mot klatrarar og dei som kjem inn frå fjelltur, og som kanskje ikkje skal raste så lenge. Med i planane er òg ei permanent konsertscene på taket, som del av påbygget, skriv Fjordingen.
Publisert: 22.09.2020 14:50
Sist oppdatert: 10.08.2021 18:45





