Selskapet Gurskøy vart etablert i 1976, og har levert gode resultat dei fleste år. i fjor var resultat før skatt på 5,7 millionar kroner av ei omsetning på 22,4 millionar kroner. Begge deler er nye rekordar.
Selskapet leverer ei rekke produkt innan skipsutstyr og frysereolar til fiskeindustrien. Blant anna leverer Gurskøy ei rekke ulike typer landgangar.
Gurskøy har satsa stort på robotisering av produksjonen, og allereie i 2011 var den første roboten på plass.
Selskapet sysselsette sju årsverk i fjor.
Samla eigenkapital er på 10,3 millionar kroner, og langsiktig gjeld på 0,2 millionar.
Trond og Kristin Myking med familie eig 66,3 prosent av selskapet, medan Kjell Harald Klokk eig 33,6 prosent. Dei kan for fjoråret fordele eit utbyte på 3,0 millionar.
Gurskøy | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 22,4 | 16,4 | |
Driftsresultat | 5,5 | 2,3 | |
Resultat før skatt | 5,7 | 2,3 |
Publisert: 24.05.2023 08:30
Sist oppdatert: 24.05.2023 13:56