Ronny Paal Kvalsvik foto Kongsberg 1
NY JOBB: Ronny Pål Kvalsvik er tilbake hos Kongsberg Maritime. Foto: Privat
Kort fortalt

Går frå Rem Offshore til Kongsberg

Tilbake hos sin tidlegare arbeidsgivar.

11.10.2024

Ronny Pål Kvalsvik starta i ny jobb som «vice president sale ship design» hos Kongsberg Maritime fra 1. oktober. 

Han kjem frå stillinga som chief commercial officier (CCO) i Herøy-reiarlaget Rem Offshore, ifølgje Sunnmørsposten. 

Kvalsvik jobba også med sal i Kongsberg Maritime før han gjekk til Rem Offshore i 2021. Herøyværingen starta i det som då heitte Rolls-Royce Commercial Marine i 2008.

Rem Offshore-reiarlaget hadde eit svært godt år i 2023 med ei auke i omsetninga til nær 14 milliardar kroner. Overskot før skatt enda på knappe 350 millionar kroner, viste Nett No sin bransjeoversikt.

Førre veke fekk reiarlaget 100 søkjarar på kort tid då dei søkte etter mannskap til subseafartøyet Rem Inspector.

Publisert: 11.10.2024 09:47

Sist oppdatert: 11.10.2024 09:47

Mer om